Sjå – og lev, menneske..

Låge morgenskyar ligg øve Alvelandet,
Garborgen døypte det så – Alvelandet,
Eg kallar det og Skaldalandet, her dei veks på trenå – Skaldane.
På kart og skjelt det kallas Jæren – Jærlandet.
Namnå gjer det berre godt, og fleire finns.

Og sjå!
Morgenstrålane veks med klokkå.
Dei e vidunderlege i all deira livsglede.
Morgenstrålane e mine vennar – dei sviktar meg aldrig.
Eg varte tyst av undring..

Å leva uden morgenstrålane kan eg ikkje.
Å leva uden Alvelandet kan eg ikkje.
Å leva uden å bli elska kan eg ikkje.
-Men eg kan eksistera – for eg veit morgenstrålane svik meg ikkje..

Elsk det livet du he – sa ein.
Ein jækla dust va han.
Hold deg te nebeågeren du – svarte eg.
Skjønt, ein kan elska Alvelandet.
Sjølv om det e Paradis varte det ikkje det same.
-Kan henda sa han i ågeren visdomsord aligavel?

Eg stod på Vidsyn og såg solå rødma havet.
Te høgre stod hu Oline frå Ystedalå.
Hu kikka på meg – Eg saknar å haldas, og kyssas – kviskra hu.
Ka sko eg svara, undra eg.
Eg kan ikkje kyssa i aust og vest, eg må elska..

-Eg e for gammal blitt – sa n’Joleif på Høgaleite.
Ka nå – tenkte eg.
-Oppbrukte og glansen e foren, kom det.
Nå må du slutta – sa eg. Du e jo den samme framleis.
-Jaudå Tor – du he rett nok, men du kjenne meg..
Koffer e det slik, undra eg – eg he høyrt det fleire gonger.
Det burde ikkje vera slik, men det e berre så.
Menneskar ynskjer berre gull – det som skinn evigt.
-Kanskje ikkje adle, men altfor mange..

Dei unge spør: Ka e vitsen med livet, koffer leve eg.
Gåtå dei vil ha svarå på.
Koss ska det gå med dei når dei varte gamle?
Eg meiner når dei spør allereie når dei e berre nyspira..
Sjølv spurde eg ikkje når eg va ungsau – det va så mykje å leva for.
-Ka eg gjere nå, tie eg med..

Men morgenstrålane e verd å leva for,
Alvelandets sjel er verd å leva for.
Sjølv om ein berre eksisterar.
-Sjå alt det vakre, sjå koffer du leve..

Stå opp og sjå menneske, sjå morgenstrålane,
sjå koffer du ikkje e aleina,
sjå koffer du kan gleda deg i dag au,
sjå – og lev, menneske..

14 kommentar to “Sjå – og lev, menneske..”

  1. bramaputra Says:

    du har alltid vert(i hvertfall i dag) vert den vigstigste sol bloggeren.
    skal jeg liksom overta rollen når du fordufter?
    jeg støtter deg tor-
    jeg blir igjen her alene,
    samtidig har vi framtiden,- og den er for meg å reise til jæren og fiske lax og ørret.-
    generasjonene går,Obsfelder består.

  2. willie Says:

    meget bra
    skrevet!
    + lyd og billeder
    mvh willie

  3. Annaps (uinnlogga) Says:

    «Elsk det livet du har og tenk positivt». Du er en mester med ord og har utrolig flotte bilder:-)

  4. lisel Says:

    Godt skrevet Tor…..vakkert… også noe til ettertanke… også det mellom linjerne..
    Og så er jeg så imponert over måten du fanger lyset på…

    En «stormende» hilsen fra syd…. Lise L.

    (her er det storm..hehe)

    • Tor Vidle Says:

      Mange takk Lise🙂 Jo, det er nok alltid noe mellom mine linjer.

      Her har og vært 2-3 høststormer, de er fasinerende når man ser utover havet. Og den første ryddet hagen, nesten som om det er støvsuget, hehe.

      Tor

  5. Mormor Says:

    Vakkert.
    Både bilde og ord.
    Undringen deler jeg og oppfordringen vil jeg ta med meg
    Takk🙂

  6. mirapisani Says:

    🙂 … Eg kan ikkje kyssa i aust og vest, eg må elska..
    Bare fantastisk nydelig Tor. 😉

  7. nattsvermer Says:

    Jeg er alltid like glad for ordene dine, gamle ørn! :-p


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: