Midtsommar på Bali..

Eg e på Bali..
-Bali?
Jepp..
-Koffer det?
Koffer?
-Ja?
Jo, det e jo midtsommar..
-Men Bali?
Ja?
-Koffer Bali?
Koffer?
-Ja?
Høyres så vent ut med Midtsommar på Bali..
-Vent?
Ja..
-Koffer vent?
Koffer?
-Ja?
Må vera godt å ligga på Bali under Palmane..
-Palmane?
Ja..
-Er det palmar på Bali?
Ja.
-Koffer?
Koffer?
-Ja?
….? Åhh! Hald kjeften nå! Du øydelegg drøymen min!

 

Ein svære grønne traktor kjørde øve foten min, men det va ein gidle traktor.

.

Midtsommar..
Huldrå dansar rundt bålet
Hu sendar slengkyss ut i sommarnattå
Prøvar å lokka deg
-eller meg.

Midtsommar..
På Grønehei dansar dei og
Grøne glinsande kroppar på to bein
På heiå dansar regnklær og sydvestar
-det regnar.

Midtsommar
– og det regnar.

Ja, det gjere det ja.. Pokker og..
-eg ser det.
Ja, så eg sko våre på Bali ja..
-Bali?
Jepp..
-Koffer det?
Koffer?
-Ja?
Jo – eg sko ha dansa under palmane på Bali..
-Men Bali?
Ja?
-Koffer Bali?
….? Åhh! Hald kjeften nå! Du øydelegg drøymen min!

 
Å gud bedre meg så sinna hu va, munnen gjekk i trav, men det va ein gidle munn.

.
Det va på Bali eg møtte na
-Kanelia Saria Snuppagoe..

Det va på Bali hu kyste meg
-meg, ja..

Det va på Bali..
-He du våre på Bali?
Jepp..
-Ka ti va du på Bali Tor?
Då Kanelia Saria Snuppagoe kyste meg..
-Jysses! Eg visst ikkje det!
Ka då?
-At du he våre på Bali.
Møje du ikkje veit, vett du..vel?
-Ka år va det Tor?
Ka år?
-Ka år va du på Bali?
….? Åhh! Hald kjeften nå! Du øydelegg drøymen min!

 
Eg vassa i havet, eg snubla og fall på na Sølvi, men det va ein gidle plass å falla.

.
Det va i Kingstown eg bygde
-ei hytta på straen eg bygde – under palmane.

Det va i Kingstown eg nøyd livet
-i ei hengekøy mydlå palmane eg kosa meg.

Det va i Kingstown eg mørkoste
-og blei storkosa av na Else-Ba Snaisen.

Det va i Kingstown..
-Kingstown?
Ja?
-Kor e det?
På Jomfruholmane.
-Men va ikkje du på Bali?
Eg he flytta meg nå.
-Kossen fekk du det te på fem minuttar?
….? Åhh! Hald kjeften nå! Du øydelegg drøymen min!


Det va pokkers så varmt på Bermuda, men det va ein gidle plass å kosa.

.

..jepp det va det ja..
På Bali og.. ja..
Men aller best e det å småkosa og vandra hand i hand på strendene i Skaldelandet..

-Du Tor?
Ja?
-E det midtsommar på Bali nå?
….? Åhh! Hald kjeften nå! Du øydelegg drøymen min!

.

-Tor?
Mmm..
-Kor e du nå?
Mmm… Vanua Levu..
-Hææ? Vanu..?
Mmm.. Fiji..
-Fiji? Eg gjer opp..
Mmm.. flott..

Det sko vært forbudt å regna i midtsommarnattå..

.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: