I’ll take you away..

Nutane svulmar vene som i varme år kor eg folelett besøkte dei adle og kikka udøve verå. I tankane veit eg dei finnes framleis, dei ventar på meg som føre. I liane blømar dei adle – dei eg alltid måtte kjenna på, lukta på og elska. I sørliaene e det godt å vera – og deiligt å elska når fuglane syng forsommaren inn. Å ligga i det varme mjukgraset og fingerleika når gjøken kokoar i einartoppane – då levar ein verklegen. Kvar følefiber i kroppane lever som aldri elles.

Når mjuke bølgekammar fuktar kvide strender og vasskanten e lunken av solå – då e det godt å vandra i skvulpekantane med nagne tær og hålda någen i håndå. Å sitja i varme sandkular med strandgras og kikka på havet – og hålda tett, og småkosa. Å sitja og kjenna solvarmå, og varmå frå ein kropp – då leve eg..

Å tusla rundt i heiå ein vene sumardag, å tusla hånd i hånd. Å visa alt eg kjenne, å peika på alt eg elska sian eg for her med badnabeinå, å visa någen alt eg he kjært. Å lytta på lerkå, å helsa på heiloen, å sjå mekregauken leika seg i luftå – å føla på vier og myrull. Å kjenna på deg..  Sitja på nut og sjå solå blømar i havet der ude ner kvelden lakkar, å sjå deg rødma av fargane og når eg kysse deg, eller du meg. Då leve eg..

Å roligt trilla i kjerrå rundt og visa alt eg elskar, frå hav til fjells. Å stoppa og sjå – plukka raude ferske Jærblomar te deg. Å pausa og sitja på gamle solvarme plankar frå hustuftar, å supa kaffi i lag mens storspoien plystrar på myrane og heilerkå heng på vengjene og syng for oss, deg.. Å sjå ørnå svevar over nutane på frie vengjer. Då leve eg..

Livet fer ikkje likt me adle, någen svevar på blomar og slepp å kjenna på grå einsamheit som sug ud sjelå. Någen e aldrig aleina, någen e alltid aleina – skjebnå e ulige. Å vera aleina syns ikkje alltid udanpå – og då vart ein endå meir aleina. Me e så ulige me menneskar – men eg ser deg når du e aleina. Du klarar ikkje skjula for meg, kan henda ein trøst for deg. Ein trøst at någen ser, någen veit, någen forstår deg..

Livet, ein dans eller ein evig reisa aleina..

Eg he skapt inntrykk te deg, eit håp – kan henda eg tenke på meg sjølve og, kem veit..

6 kommentar to “I’ll take you away..”

  1. mirapisani Says:

    Pokkers Tor. 😥 No fikk du mæ til å hylbælje i sentimental længsel. Du skriv så borti hampen bra nån ganga at du riv hjærtet ut på en stakkar. Og så med de bildan og dein musikken på toppen av ordene dine…

    Men takk. No må æ inn på fotogalleriet ditt og glane til æ kommer ut av de her følelsan. ;))
    Hvem var det som sto for musikken forresten?

  2. Tante Label Says:

    Nesten så man får lyst til å rope: «Take me away, too!»😉

    Nydelige bilder, vakker musikk…og vakker tekst.

    Har savna deg her i det siste!

    *Go klem*

    • Tor Vidle Says:

      Takk Tante Label, lengsler er vanskelige å ordsette.

      Det er bare å beklage at jeg er lite tilstede for tiden pga sitausjonen, men jeg håper det kan få en ende snart – og tankene igjen kan få leve uten den børen.

      Go klem tilbake..

      Tor

  3. lisel Says:

    Det her er «vakkert » Tor. Det fikk mine tårer frem, det er helt nydelig..
    Du er fantastisk med dine bilder, musikk, og ord… og så er du bare deg selv..

    Lise L.


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: