Fjosnytt Ekstra: Då me lurte Google!

Fjosnytt inside:

Okkar feltreporter – Tadleik Snabbe, snubla (bokstavleg) øve ein verdsensasjon av dei unige. Sjølv regjeringar korkje dei på Kreml he klart å stopppa Googlefolkå så innvaderar kvar cm av verå. Men dei he ikkje våran Tor og våran ordførar (nåh, me trur nå helste den andre e styra av den fysste då, red anmerk).

N’Asleik Grindlås sko sjekka Google si nya kartgreia og la inn si eiga adressa (adressa? Adle he jo berre Skaldeland udan postnummer som adressa heran! Me vil ikkje verta nummerera! red anmerk). "Men då vart Google (uttalas Guuugle Martinus, red anmerk) svar skuldig gitt", undra han seg te n’Tadleik så just tryna øve dørtersklå has. N’Tadleik sko snusa opp koss svartmarknaden for jordeplå hadde våre i vinters, men snubla i staden oppi ein grevlige skjulte nyhed!

På ny dei to karane søkte opp, men fann ingen i Skaldelandsbygdå. Ikkje eit bilde, ikke eit kart. N’Tadleik e jo fydde med forvedent snydeskaft og lukta nå revar i grisegarden itte dei snodige meldingane Google stamma fram. Tebars te redaksjonå for han i 3. gir og svart røyk på mopeden Rasken.

.

Og då måtte redaksjonå sjekka dei og. Og sanneleg, Skaldelandsbygdå var utradera frå heile Googlekartå! "Her lukta svidde lurifaksar!" (les: n’Tor, red anmerk) utbrøyt Ingulf på Snekkå – og slo på tråden te ordføraren.

Hu Molita (hu med dei svære, ikkje hu med dei småe, red anmerk) svarde atte ordføraren va på ei viktige befaring attmed Huldretjødn. "Pøh!" Sa n’Tadleik ittepå. "Eg for forbi Huldretjødn i morges og då va det berre n’Tor og ordføraren deran. Dei sat så vanlig å pilka og sola seg i Sjulevigå!" Asted for så heile redaksjonå i den heilsponsa (av okkar Lars) 6WD Cadillac SRX’n for å finna dei to tvilsame.

Då me freste forbi Haugen ropte hu Asta frå bagsede atte hu såg bilen has Tor stå i garsrommet. Me tok ein nødbrems og sladda inn på vegen te n’Tor. Og der fann me dei to på kjøke kor n’Tor sløya røya og ordføraren steigte vaflar! Dei to luringane prøvde seg: "Google? Ka e det?" svara n’Tor – og ordføraren trakk på akslane og vipte av ein ømsteigte vaffel og plystra medan han med godt augemål fylde nok te ein ny på jednet. Men n’Tadleik he ikkje svære nase berre te pynt – plutselig spør han og peikar på eit billede han he oppdaga (snigen! red anmerk) i den eina halvåpna skuffå i kjøkbordet. Og sannelig! Eit billede av ein Googlebil med heila taget dekt av kamera!

…… …. …! seie n’Tor (me måtte sensurera litt, men n’Tadleik gjøymde seg i kostskabet, red anmerk) Då måtte dei båe kryba te korset, men det måtte me og – og då lova atte det ikkje kom ud te verå (udanforbi Skaldeland – trur med det va meint som? red anmerk).

"Google e någen frekke byfantar og børshaiar!" starta ordføraren. "Og me vil ha bygdå i fred frå slige pakk! Hvis verå får sjå koss det e heran i Skaldeland, varte me invadera av folk så vil vitja eller flytta hit. Og me (og eg tippar at n’Tor var "me" heran, red anmerk) godtek ikkje at så skjer!" Han kikka bort åt n’Tor så nå sløyde ein svære aurefant, n’Tor nikka berre kjapt og sløyde viare. "Men dei svinå frå Google he fått rettås kjensle te å invadera, så me kunne ikkje stoppa dei den vegen. Og då måtte med fiksa sakå sjølve på ein fredlige måde udan å få oppmerksomheit om bygdå".

(Heile redaksjonå satt nå med svære augor og venta spent, sjølv n’Tadleik hadde våga seg ud av skabet, og justera nå på has radarøyrer. Men n’Tor så nå rensa ein svere sik, ikkje notisa någe den luringen! red anmerk).

"Me fekk veda av kjende insidare ka dag Googlebilen sko koma" fortsatte ordføraren og kikka kjapt bort åt n’Tor atte – og slengde ein nye vaffel på bordet. "Så ordna me osse med nogen skilt og 4 vegbommar me fekk låna (låna? Det trur me ikkje på! red anmerk) – og om nattå satt me opp vegbommar og skiltar med "Privat veg" på adle 4 vegane inn te bygdå. Samstundes var någen så gidle atte dei fjerna adle skilt med Skaldeland på i ein omkrets store nok" – han kikka kjapt på n’Tor atte (me anar nok kem "nogen" e heran, finnast berre ein så klatrer så ein abekatt! red anmerk).

"Og det gjekk – Googlefolkå vart lurde og forsvann udan å finna Skaldelandsbygdå. Ein oberservant fekk sjå den raude bilen stoppa ved den vestre bommen, og dei klødde seg litt i hove, men snudde og kom ikkje atte meir – dei he jo ikkje lov å kjøra inn på privat veg med bilane sine veit me frå før." Ordføraren tok ein slurk kaffi og fyrde opp steigepannå itte ordre frå n’Tor så nå ville ha steigt aure te lunsj. Han slengde ein svære klatt Budeiesmør på pannå, og tog fram lommetaskå og plukka ud eit billede.

"Men så blei me varna om denne greiå!" (på billede va ein Googlesyklar med udstyr. I alle dagar..? red anmerk) "Med den heran kan dei så sykla på private vegar, dei kikkarsvinå!" Ordføraren la på aureskinkane n’Tor slengde bort. "Då måtte me stoppa dei på ein annan måde. Så me udstyrde hu Molita (hu med dei svære, ikkje hu med dei småe, red anmerk) med miniskjørt og udringning lige ner te der me ikkje får sjå (? red anmerk). Så la me na under bilen hennar i vegkanten liga før grenså te Skaldeland frå Sør der ein spion fulgte med syklaren så svetta seg framåt (me mannspersonar i redaksjonå fekk klare sukkande billedar i hjernå adle i hopa, red anmerk)".

Ordføraren snudde så aureskinkane, og n’Tor slengde øve ein halvliters Budeirømma dei sko surra seg gode i. Me var spende nå adle – og Tadleik snufsa med det svære nasegreibe åt godluktå frå pannå. "Googlemaen stoppa syklen då han fekk auga på na Molita (ja hvis ikkje måtte han ha våre ekstra homo, red anmerk) og steig av for å sjå om hu trengde hjelp. Me hadde så alliera osse med Skaldelands store skarpskyttar (aha, der vart du røbte Tor! red anmerk)" forsatte ordføraren og fekk skjenn av n’Tor for å ikkje krydra og salta godt nok lunsjen has.

"Skyttaren fekk så særs goe tid på seg då bluså te na Molita rakna i saumane. Han fekk på 900m (900 metar? Nå skrønar du vel? red anmerk) rolig gått rundt 360 gradar og knalla inn linså på adle kameraene med si heimelaga nitroluftbørsa med lyddempar. Ittepå ringde han te mobilen na Molita, og bilen hennar blei grevligt friske atte og hu kjørde asted. Så sykla Googlemaen rundt i heila bygdå og trudde han knipsa paradis. Men så dokk he sitt fekk han ingen bilder sjølvsagt." Nå lukta det reint forførande frå pannå, men me satt der endå med svære augor. Den fyste te å vakna va han Ingulf: "Men ner ein søkar på Google og dei andre finn ein ikkje eit einaste kart eller bilde så identifiserar Skaldeland?"

Ordføraren får det med eit travelt å snu på auresteigane i pannå. Men så brumma n’Tor: "Ikkje bry dokk med smågreier. Me he berre fiksa litt på programmå deira slik atte dei ska blokkera adle søk og indekseringar så innehalde kart eller bildar frå bygdå udan atte dei e fysste godkjende ein viss stad." Og så ferdigt med det visst meinte han – og skubba bort ordføraren for så å slenga ein auresteig på tallerken. N’Tadleik prøvde seg med meir spørring, men krympar ner n’Tor kikka bort. Ittepå varte det ikkje meir snakk om den sakå. "Nå ska me eda lunsj! Sa så n’Tor og meinte då han og ordføraren – me blei skyssa ud, men fekk kvar vårt vaffelhjarta med i fartå.

Og då må me i redaksjonå be dokk adle Skaldelandsbuare om å rett og slett halde kjepten om sakå så me får fortsetta å leva i fred frå alt stress og kav i verå.

NB! Me he fått spørsmål frå kommunekasså om det ikkje e någen fleire så ynskjer nytt svømbasseng? Som dokk vel veit fekk kommunå og lura ud någe EUfondsmidlar te svømmeopplæring i udkantsbygdar. Så berre søg, eller det helde visst å ringa ner med kontonummer så får dokk 100% teskott te svømbasseng.

 

6 kommentar to “Fjosnytt Ekstra: Då me lurte Google!”

  1. Anonym Says:

    så utrulig bra!! :))) denne hadde vore glimrande te stand-up du;)
    For ei ideoppkome i skaldeskallen!

    Ha ein fantastisk fin dag i det bortgøymde landet🙂

    -trultemor

  2. mariee53 Says:

    he he ja sånn kan det også gjøres morsomt Tor!!!Mariee53

  3. mirapisani Says:

    Veldig bra Tor. ;D) Kjempemorsomt.
    Mira  ;))

  4. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Jo, er nok noe livlig Jo, er nok noe livlig fantasi oppi denne knollen noen ganger trultemor, selv jeg blir helt "øvegidde" noen ganger, hehe

    Ha en god natt søvn er kanskje rettest å si akkurat nå..

    Tor

  5. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Takk marie, hehe. Men bak Takk marie, hehe. Men bak ironien er det kanskje og en tanke om dette at vi og vårt snart skal lupes inn i hver cm av vårt liv. Blir kanskje vel mye av og til. Og som Google i dette tilfellet er det kun av profitthensyn de gjør dette..

    Tor

  6. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Takk mira. Men vet ikke om Takk mira. Men vet ikke om dette er rette plassen lenger for slike innlegg.

    Tor


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: