Ein litt strie dag..

Åhh eg e trøtte.. Sløve – og har to kular bak på håve og fem plasterlappar med Donald og dei på. Nevane ser grevligt tøffe og vidle ut, skraper og småblod adle veiar. Sjå på denne mens eg lar fingrane få kvila litt. Adle bildene her e toge i dag her heima i siste litle timen i kveld – og dei nedre visar kor kjapt himmelen kan skifta påkledning.

.

Mot aust har det øve årå vakse opp ein skog med vidle plommetre med 5 cm lange piggar. Nå synast eg skogen tok nok av solrenningå om morgonen og bevæpna meg med sag, styste greinsakså, tjokke kjeledress, fjellsko og caps. Nå sko piggsvintrenå kappas ner! Om ikkje anna såpass ner at dei ikkje stengde for det dyrebare morgonlyset. Her eit bilde te.

.

Villskogen var så tette at eg ikkje kom te med motorsagå, så eg starta i endå og klipte og håndsaga meg innøve den gjenstridige skogen så stakk meg adle veier berre eg sa litt "pokker!" Og for kvar meter innøve mista eg litt blod, samstundes fann eg ut itte kvart at det bodde mange inni den skogen. Her er eit bilde te, eg må berre stoppa ein lekkasje i tommelen.

.

Den fyste eg møtte på var eit hissigt bromletroll med 7 øyrer og 4 augor. Styggen ville eda meg te lunsj, men eg tok berre på meg det vidle ansiktet og sa "Pigg av før eg klippe av deg bjedlene!" Då for fanten øve haugen – og eg håpar han for ner i kjellaren te den sløve naboen mot søraust.

Bak ein måsasteidn bodde ein liten gnom. Eg bøyde meg ner og sa at han kunne bo der mot å betala leige. Då vart han arge og hoppte opp og ner og freste og peip og det røykte av tassen. Eg spyla på han med slangen, ein kunne jo risikera at heile skogen tok fyr. 

Itte ein halvtime spyling roa han seg ner, så me skreiv ein leigekontrakt kor han signera – og så fresa han inn i hulen under måsesteidn igjen. Lenger inne satt ein elgokse i ein skinnsofa og løyste kryssord. Eg tok ein pust og slo meg ner og hjalp han med 3 vannrett og 11 i høyden.

Då eg fortsatte innøve urskogen fann eg ein flokk med 5 generasjonar av tiurar. Dei vart himmelglade for at nå fekk dei endeleg koma seg ut av skogen, dei hadde ikkje klart å finna vegen ut itte att stammorå og faren for mange år siden rota seg inn der på ein måneskinnstur. Meir himmel kjem nå.

.

Utpå ittemiddagen kom eg te ein liden myrpytt. På ein steidn satt ei havfrua. Hu smila, og eg helsa på og undra meg på koss i alle dagar hu var komen inn her i  tettaste urskogen? Jo hu hadde saman med kjæresten våre på kino for omlag 30 år siden. Så sko de inn i småskogen og kosa litt. Men i myrpytten bodde nøkken, og han vart sjalu og spiste opp kjæresten. Og hu fann ikkje vegen ut atte.

Det bobla litt i pytten, og opp kom det stygge håve te nøkken. Eg venta te halsen va øve vatnet og kappa av han håve med eit karateslag. Ittepå kjørde eg havfruå ner te havnå og kjøpte ein kilo reger te na og vinka farvel. Eg fekk et kyss på det høgre kinnet, og freste heim igjen. Eg måtte skura kinnet med rå grønnsåpa for å få bort fiskaluktå.

Og slik fortsatte eg innøve og rydda og sagte, skreiv ein og anna leigekontrakt og jagde dei så var store i kjeften. I endå traff eg eit bole med 1 million jordveps. Eg krangla med dei i ein time før dei ga seg og flytta. Men mens me krangla måtte eg likvidera eitpar hundretusen, to av dei rakk å stikka meg i håve i kanten bak på capsen. Då truga eg med å setta fyr på heile bole. Men då for heile gjengen avgårde.

Då eg var ferdige var det mørkt og berre ein liten måne lyste svakt. Men eg hadde sikra meg med å ta med gps’n og ein stormlykt så eg sko finna tebage te kåken igjen.

Trur dokk meg ikkje? Berre sjå, her he eg toge bilde av den litle månen te bevis..

.

Og eg sitt her med 2 vepsastikk i knollen og plastre på fingrar og dreg ennå ut lange piggar frå urskogen med nebbtångå..

7 kommentar to “Ein litt strie dag..”

  1. trultemor- Says:

    flotte bilder og herlig fantasi:)
    Elgen med kryssordet, hehehe
    Og ørten donaldplaster

    Takk for turen, eg holdt meg godt i bakgrunnen, såg ingen grunn te at du sku måtta dela plaster og kular med meg.

    Ha ein fine kveld:)

  2. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Takk trultemor, men himmelen Takk trultemor, men himmelen skifter mye på kort nå i høstkveldene og det er fantastisk å se fargene og lyset som forandrer seg.

    Ja det var en gammel elg, med lesebriller og 73 takker. Fantasi? Høh! Tror du meg ikke? hehe..

    Ha en rolig kveld videre..

    Tor

  3. tante BØ Says:

    Plasterlapper, blod og kul i Plasterlapper, blod og kul i hue ??
    Hva i det villeste har Villmannen gjort nå tenkte jeg med en gang.
    Ramla ned fra ett tre eller no igjen (uups unnskyld) ta bort *igjen.*
    Haha … BANZAI … Du har gjort som jeg gjør innimellom ….
    Drept ett par (pryd)busker og annet snar : ))
    Så flotte bilder : ))
    Nå skal jeg gå tilbake å lese resten av teksten før jeg tar natta : ))

    Natta Tor : ))

  4. tante BØ Says:

    Haha … ikke rart du er Haha … ikke rart du er ille medtatt : ))

  5. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Hehe tante B, men det var en Hehe tante B, men det var en pokkers jobb, tenk deg selv med en så tett skog at du må klippe deg igjennom for å komme frem, og i tillegg er det 5 cm lange pigger på annen hver cm både på stammer og greiner – det beste ville vært å satt fyr på hele greia, hehe..

    Men ja, plaster og enda nåler i fingrene, og to kuler i hodet fra vepsestikk. Og skikkelig trøtt..

    Sov god tante..

    Tor

  6. Ingeborg Says:

    Var det små gule plomma … på den skogen din? Jeg hadde et sånt tre her i hagen. plommene var i massevis, men smaklause, bare søte. Og piggane var sånn som du sier.
    Jeg forstår at det var et strev i den skogen og enda har du ikke begynt med å fjerne røttene. Har du?
    Skal jeg gi deg et godt råd, av egen erfaring, så ikke prøv på det.

    Stell godt med deg sjøl.

    ps. veit du kossen sånne trær blir til? eg hadde ikke planta det.

  7. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Ja stemmer det Ingeborg, og Ja stemmer det Ingeborg, og greiner og stammer med svære stive pigger over alt. Det største problemet var å angripe saken for det måtte tas fra en ende, det var så tett med greiner og pigger at jeg kom ikke til med motorsagen.

    Røttene får bare være, de blir for mye arbeide, så jeg vil nå etterpå prøve å barbere den av og til for å holde det i passe høyde heller.

    Tror de sprer seg via røttene fra et plantet plommetre som kan stå lang borte, er ikke sikker, men de vokser med minst en meter eller mer i året, og sprer seg som det villeste ugresset på et øyeblikk.

    Tor


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: