Kjernå – jo, den ligg her..

Når e det godt å leva? Eller ka e "å leva"? Kloke Tante Label har jo svaret som me huskar: "Å leva det e å elska". For meg e det rett når eg ser på det å leva, vitsen med å leva som menneske. Eg har laga ein sak om det før ein gong.

Men det "å elska" – ofte undrar eg meg på forskjellane på oppfatningå av det "å elska". Eg har møtt mange menneskar i mitt liv, frå botn te toppen av samfunnet, men følar at det "å elska" ikkje har någe med status å gjera, ein rekande fant kan elska liga sterkt som ein med eigen bank og 36 bilar og 43,3 tjenare.

Og det e logisk, for "å elska" handlar om menneskelige følelsar for eit annat menneske, ein kan ikkje kjøpa eller bestilla følelsen "å elska" – ei heller betala någen te å ekta elska ein sjølve. Ein kan nok kanskje betala någen te å seia at dei elskar, men ein kan ikkje kjøpa deira eigentlige følelsar. Trur eg bestemt.

"Å nå e det godt å vera te, vera menneske" – ei linja eg he hørt mange gonger. Og då i mange forskjellige anledningar. Sjølv frå dei så ellers e ulykkelige. Og då oftast pga mangel på ekta kjærleik. Jadå, eg seier det sjølve og av og te, ja stundom te meg sjølve. Men, eg burde jo kunna sagt det alltid, meste ihvertfall?

Men då ville eg lyga for meg sjølve, ein løgn eg avslørte før tankå var te endes. Så eg endar med å seia det ner eg f.eks ligg i fred og ro ein stad i naturen og drøymar meg bort. Eller eg stemmar i når eg e i godt lag med kompisane i elvabakken. Men helst ville eg jo låge i elvabakken og elska. Då hadde det våre ekta godt å leva..

Det e og gildt å reisa rundt og kikka i bobil og oppleva friheten. Då e det og godt å leva. Eller når auren endelig heng der. Ja og mykje annat, det handlar om dei småe gleder mange treng for å føla på det å leva. Og kanskje mest dei så ikkje har den store kjærleiken som alltid gjer det godt å leva uansett..

Men "å elska".. Ein kar bangte kånå kvar gong han var dritas. Så seie eg: "Koffer går du ikkje frå han når han mishandlar deg?" Hu smilte og svarte: Fordi jeg elsker han.." Og hu var ein intelligent kvinne. Ok, tenkte eg, men koss kan han elska henne når han kan slå na?

Andre vegen: Kånå te ein kamerat e reine diktatoren – hu herjar med han og skjell han ut så skjærefjølar og kinakruså haglar, sjølv e han berre gidle så dagen e lange og solrige. Så ein gong me var på tur spurte eg han koss han holdt ut dei forholdå. Han svarte: "Hu e nå gidle innst inne, og eg elskar henne." Nå kjennar eg kånå godt og, så ein gong hu knakk den nya fiskestongå hans i sinne så spurde eg om koffer hu gjorde slike ting: "Jeg elsker han, men han irriterer meg grenseløst noen ganger."

Mor og far dei elska kvarandre, dei hang saman som ein tvillingblome. Dei kosa og snakka vent om kvarandre støtt og stadig, aldri eit vondt ord eller sinne. Og dei behandla kvarandre likeverdig på alle områder. Og sjølv om dei båe var sjølvstendige og kanskje hadde kvar sine meiningar någen gonger så respektera dei det.

Då far itte mange års sykdom lå på det sista og meg og mor var hos han siste kvelden han levde, det lysa så ekta kjærleik frå mor te den stakkars beinskrotten som låg der og ikkje var tilstede. På same tid såg eg den grusomme smertå så låg innerst i augo på nar, det å mista si ekte livskjærligheit.

Eg trur det e viktig å samla dei øyeblikkå då det e godt å leva, eg trur adle behøvar dei. Ofte følar eg at dei og ikkje er av materialistisk utgave, men någe som kjenns uavhengig av bankkontoar, någe som bare sjelå kan gje. Som det å elska..

Hm.. eg undrar på ka eg ville fram te… Kjernå – jo, den ligg her..

.

.

.

%26hl=en%26fs=1%26rel=0″ width=»250″>

7 kommentar to “Kjernå – jo, den ligg her..”

  1. krisstinn Says:

    🙂 Bra skrevet!

  2. krisstinn Says:

    🙂 Bra skrevet!

  3. trultemor- Says:

    kjernen det viktigaste… nydelig fortalt om foreldrene dine.
    Så godt å få sjå sånt.

    Ha ein flott fredag:)

  4. tante BØ Says:

    Som vanlig når jeg leser Som vanlig når jeg leser mange av dine innlegg, blir jeg sittende i dype tanker etterpå : ))
    Ettertanker kalles vel det : ))

    Ha en god fredag : ))

  5. mirapisani Says:

    Fine toner i ordene dine. ;)) Å elske er vel å virkelig leve..?
    Ha en flott fredag Tor.
    Mira  ;))

  6. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Takk til alle som har Takk til alle som har kommentert, og ja mira, svaret er det som Tante Label sier..

    Tor

  7. mariee53 Says:

    nydelig ! sangen også!Varme tanker fra Mariee53


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: