Sjå meg i sjelå..

På ein steidn eg sat,
det va ein stolte steidn,
ein mysarsteidn te å sjå frå,
så der sat eg i fred, myste på verå,
brått vart eg øvefadla bakfrå og ramla ner,
eit grevligt basketag vart det – ittepå elska me..

~~~~~~**~~~~~~~

Hu Mari ventar,
trippar nervøst,
kor bler han av?

Vindrossane ul,
kjem ikkje vatne?
Hu undras ner.

Mørke sig på,
kor e du Halvard?
Hu vart nervøsen.

På isen eit hål,
i hålet kavas det,
nevar strikar is.

På siå ei sinkbytta,
nevane riv flengar,
isen revnar meir.

Brått kjem han opp,
føder nådde steidn,
storsteidn berga liv.

Hu Mari ventar,
trippar nervøst,
kor bler han av?

Hu står på trammå,
og der kjem vatne,
Halvard skjelv.

Ka he skjedd?
Hu såg på Halvard,
blaude og frysen.

Ramla på skarå,
det va ordå hans,
fekk byttå øve meg.

Mari roa seg då,
Halvard elska Mari,
ville ikkje uroa na.

Hu treng ikkje veda,
treng ikkje sanningå,
ikkje nå – eller dei andre gongane..

~~~~~~**~~~~~~~

‘Kem e du?’ – kom det frå fregnanåså..
‘Eg?’ Ka sko eg svara? Kem eg e – kem veit?
Hu kikka med grøne augo, venta på svar frå meg.
‘Eg e meg’ – ka sko eg elles seia? Eg e jo ikkje andre.
Dei fristande leppane åpna seg atte, hu smila og augo med.
‘Kem e du då?’ – eg måtte jo seia någe klokt eg med vel, følde eg.
‘Eg e Henny’ – kom det ud frå fristingå – og hu va sytten vårar i år.
‘Åh, du meinar nabne’ – eg va nauden. ‘Tor – eg varte sytten te sumaren.’
Men hu fekk sitta på Hondaen då – seinare kyssa hu meg under månelyset…

~~~~~~**~~~~~~~

I Sørliå e det godt å vera,
godt – varmt og vakkert, fredleg.

I Sørliå veks einarkongar og villblomar,
mjukt gras, vene steinar og kvide hengbjørkar.

I Sørliå finnast fuglar som syng,
syng for meg ner eg ligg på blomane.

I Sørliå bur mange andre ikkje veit om,
der bur au bitar av den djupa sjelå mi.

I Sørliå finnast tryggleiken eg søkar aleina,
men – kanskje ein gong eg får elska i Sørliå..

~~~~~~**~~~~~~~

I eit hjørna hu stod,
hu gråt, eg såg det,
i mørke hu stod der.

Dei andre dansa viare,
men hu gråt i hjørna,
eg gjekk bort te na.

Hu dekka andletet,
eg tog bort hendane,
någen hadde kvesta hu.

Eg tog na inn åt meg,
held na vart og rolig,
men vart varm i hove.

Kem pokker e den simple?
Fyste hu svara ikkje,
men, så kom det – Olav.

Olav? E du sikker?
Eg trudde eg kjende Olav.
Hu nikka – jo Olav.

Men, kvifor?
Kvifor slo han deg?
Eg kunne ikkje forstå.

Hu ville ikkje kyssa,
då fekk hu neven.
Eg blei farleg harme.

På same tid leie meg,
triste for hennars del,
men au for Olav.

Mine vennar slår ingen,
– den gjekk te Olav,
ittepå kjende eg ingen Olav lengre..

~~~~~~**~~~~~~~

Lag dine flettar sterke kjære.
La dei omfavna meg – knytta dei i hop bak i nakkå mi.
La dei binda oss saman.
Knytta dei stramt e du gidle, grevlig stramt.
Ikkje nøl, sjå meg i augo,
– og bind så stramt atte leppane våras limas – og sjelane flyt saman..

.
.
Ei lidå dama med ein svere stemma: Dani Klein (Vaya Con Dios): Time Flies

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: