Partytime!

Vindføyken leikar i rake urgranar, trodlå dansar twist og huldreungane heiar på nøkken så står på vannski nerøve Breifossen. På ein stabbe står draugen sjølv og plystrar på trollkjerringane, han e på vitjing frå havet longt der ute. Under tuvar strøymer dei underjordiske ud, både vaksne og ungar. Det e partytime i urskogen. Huldremor fyllar år i dag. Kor mange veit ingen, berre atte det e i dag.

På vannspeilen i Breikulpen held vannfeane akrobatisk oppvisning. Stubbfolkå spelar på heimlaga instrumentar akkompagnera av ein gamal kasettspelar Sjøravasstrodle knabba frå ein turist han skremde sumaren 1971. På det sledne kasettbandet tonar Chubby Checker ut med Let’s Twist Again. Øve tretoppane svingar skogheksane seg i takt og korar med heksalattar så ber liga inn i Alvdalå.

Ståande ved bålet svingar den innflytta og forvilla svensketomten på den feide bagen sin og hoiar te den vakre huldremorå, han vil ha na med på ein svingom, men hu e blyge i dag og smilar berre medan augo hennar leitar rundt itte någe hu ikkje finn. Brekkalven drege frem ti eskar ostepølsar han og Østhekså knabba i nått frå eit handelslag. Viartrodle spikkar pinnar te pølsane i ein fart så flisane fall ner som engladryss.

Ein risling høyrs frå vest, og sjå! Der kjem Svevatrodle på sin heimelaga flygestodl med hengar. På hengaren ruvar ei flødekaka i 23 høgder. Den kjem frå adle budeiane i Støladalå, dei veit å setta verde på huldremor og alt folket så bur i urskogen. Det strøymer på med småfolk og storfolk, huldremorå helsar smilande på adle, samstundes flakkar blikket hennar udøve, leitande itte någe.

Snekkartrodle fellar 10 granar og fresar ud plankar med fortennane og Viartrodle spikkar 5 meters trespikrar te å slå plankane saman med. Gråsteinsgubben bankar dei inn med sine nevar og snart e eit svært longbord klart, festen kan starta. Huldremor sett seg i den endå så gjer syn mot vest. Hu smilar vakkert, men stadig kikkar hu litt bekymra mot vest og mot solå på veg ner, hu veit ka klokkå e.

Plutselig reisar øyrane te Radartrodle seg og han vendar dei mot vest. Nasen blinkar og peikar vestøve dei endelause skogana, han he fått kontakt. Adle bler rolige og lysnar med store augar speidane. Huldremor verte nervøse. Gamle Grå vrir på knappane på sitt nya ultrahøyreapparat, plutselig får han inn någe og vurderar ljuden medan dei andre ventar spent på atte han ska bestemma seg.

«Honda CRF 450 R» kjem det brummande frå Gamle Grå. Nå høyrer adle atte någe kjem nimmare og nimmare. Ein hissige ljud frå ein sjølvgåande terrengrauristar! Adle stirrar spent mot åpningå i tettskogen mot vest. Og sjå! Ud kjem meste flygande ein villmann på rauristaren og vinkar mot dei adle. Huldremor jublar og spring i mot, n’Tor hadde ikkje gløymt dagen hennar som hu hadde uroa seg for..

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: