Frå Sagaen Om Tor Storkosar: Dei forsvunne budeiane.

Tor Storkosar hette ein vidkjende kar oppvaksen på rettferd og budeieomsorg i sein vikingetid. Eit år sumaren va særs varme og fruktbare i Noreg skjedde någe så gav ein kalde gufs øve landet. Ein itte ein forsvann sporlaust adle budeiane frå sætrane. Karane i bygdane sokna og leita, men budeiane va ikkje å finna.

N’Tor Storkosar va på veg heim i segleskutå si frå ein vitjing hos spanjolane kor han hadde våre invitera av senoritaene for å kursa dei i kosekunstå. Då skutå va på veg inn i Noreghavet landa ei brevdua på ein av knaggane te ratte der n’Tor stod og styra. Han las meldingå: «Kom heim snarast – adle budeiane e forsvunne!» Meldingå va frå sjølvaste Kong Gidle.

«Heis adle seil og heng ut adle klestørkane!» Kommandera n’Tor. Karane hang i tauane og kravla i mastar og rånokkar. Skutå reisa seg or vatne og flaug på skumtoppane og den blonda mankå te n’Tor hang ud i luftå meste så på ei budeia på ein sportshest. Karane kikka opp på n’Tor, dei skarpe blåe augo lyna og stirra mod nord. Blindpassasjerane, 51 senoritaer så n’Tor ikkje blei kvitt, kikka nervøsne øve kantå på lastrommet.

Om ittemiddagen spotta dei lande rundt Lindesnes, men n’Tor la om kursen og for oppøve Mandalselvå så fossane kløvde seg. Då dei nåde endå på vassvegn parkera dei skutå ved kåken te ordføraren i Marnadalå. N’Tor hopp øve relingå, grabba eit eple i luftå og landa i favnå te ordføraren si fagre dotter. Hu fekk ein småkos før han storma inn te ordføraren.

Ordføraren sat og les siste postå frå Kongen så vart levera av Den Kongelege Ørnatjenestå. Han rakte pergamenten øve te n’Tor med ei bekymra rynka. «Te adle ordførare: Halgeir Grådige he bortføra adle budeiane. Han krev heile Dovre i bytte. For kvar dag så gjeng itte ei veka, truar han med å snauklippa ei budeia for kvar dag han ikkje får viljå. Han he slått seg saman med Gausdalstrodle og he budeiane innesperra i hulå hans. Kongens soldatar nektar å handla då dei vart vettskremde sist dei møtte Gausdalstrodle. Regjeringå med høvding Jens Skrønar halde krisemøte.»

«Kem e dokke?» Ordføraren kikka bak n’Tor på adle dei 51 senoritaene så hadde snege seg itte n’Tor. N’Tor kikka bak og sukka. «Skriv ud 51 opphaldstillatelsar te dei,» sa han så te ordføraren. «Eg kan ikkje det udan å ha fått godkjenning hos regjeringå,» svarde ordføraren. «Jodå, eg går personleg god for dei adle, og me treng fleire budeiar» svarde ein irritera Tor» «Ja då så, eg ska fiksa det, men kvifor he dei mørke flettar?» Ordføraren kikka på senoritaene. «Dei lysnar ner dei får nok sol. Du får ansvaret for dei nå, eg må fara te Gausdal» kom det frå n’Tor – og borte va han før dei fekk trekka neste andedrag.

Itte å ha slede ud 23 hestar va n’Tor framme ved Raudsjøen i Gausdal kor Gausdalstrodle hadde hulå si i Bjørgafjedle aust for Kveinesætra. Halgeir og trodle hadde nå øvetoge sætrå for å ha mat te adle budeiane. Adle 344 ungane te trodle va udplassera så vaktar. N’Tor studera med langkikkaren frå Hovdakollå tvert øve. Fysste måtte han ekspedera trodle, så trodleungane og te slutt Halgeir.

Gausdalstrodle lå utpå Raudsjøen i ein pram og fiska. N’Tor visste atte trodle ikkje kunne svømma, det sokk lik ein steidn. Men trodle hadde på seg livredningsvest, den måtte han lura av trodle. Å nevas med trodle nytta ikkje, det var liga hardt så fjedl og kunne knusa steidn med nevane. N’Tor fletta dei långe lokkane og fylde på bringå med torrgras. Trodle va grevligt nærsynt visste han. Ein striesekk fekk nyttas te skjørt. Så gjekk han ner te straen og laga budeietrallar.

Trodle hadde gode øyrar og oppdaga snart skikkelsen på straen. Trollgubben trudde det va ei budeia så hadde kome på villspor og fossrodde te straen. «Koma heran du jentå, så ska eg ro deg øve» brumma trodle. N’Tor steppa oppi prammå og sko setta seg på baktoftå, men stoggar. «Her e blaut karen, he du någe eg kan sitta på?» peip n’Tor. Trodle klødde seg i håve så småsteidn dryssa ner. «Ka e det?» peip n’Tor og peika på livredningsvestå trodle hadde på seg. «Du kan få låna den te å sitta på veslå» brumma trodle og tok den av seg.

Då dei va kommen te midten av vatne peip n’Tor: «Åh det ser så gildt ut slek du sterke karen brukar årane, kan du lera meg å ro?» Trodle vart smigra av ordå, adle trodl e forfengelege. «Kan skjønna det jentå» svarde trodle og reisa seg opp i prammå for å bytta plass. Men rask så n’Tor e for han opp og vippa trodle øve ripå før trodle rakk å reagera. Eit svært plask – og trodle for så ein steidn te botn.

Det lei mot kveldstid før n’Tor hadde klard å koma seg te hulå kor adle budeiane vart holdt fanga av Halgeir Grådige og vokta av trollungane. N’Tor hadde toge med seg redningsvestå og lå bag ein steidn og vokta ungane så steigte gråstein på bålet te kveldsmaten deira. Sjølv trodlungane er nærsynte, og n’Tor lokka den nimmaste te seg. «Sjå badne mitt, far dokkar he sendt meg for å gje dokk adle beskjed om å koma te Revaånå kor han ska laga ei nye hula, men så gløymde han vestå si, den kan dokk ta med. Han ba dokk starta å tygga ud ei hula på vestsiå. Han sko berre vitja Jøratrodle fysste.» Sjølv trodleungar e ungar og beid på – og snart va dei adle avgårde.

Nå Halgeir, tenkte n’Tor – nå e det din tur din sleibe bleigfis! Han gjekk bort te åpningå på hulå og starta synga budeietrallar. Det varde ikkje lenge før skritt kunne høyras. N’Tor snudde seg halveis, i gråningå va det lett å tru at han va ei budeia bagante. «Kom heran du! Kor trur du at du ska!» N’Halgeirs stemma ordra og håndå hans la seg på skuldrå te n’Tor. Men før han fekk sagt eit kvekk te hadde n’Tor ekspedara karen og knytta beinå og armane saman slik at han likna ein ball. «He du så møje så klypt eit hårstrå av ei budeia ska eg barbera heila deg og rulla deg nagen på ei maurtua!» N’Tor va arge og gjekk innøve hulå.

I midten av fjedle via hulå seg ud te ein grevlige hall. Små faklar brann te lys, og innst inne ein grevlig haug halm kor budeiane sov. N’Tor stod i mørkningå fysste og undra seg på synet. Så mange budeiar på ein gong va sterke sakar sjølv for storkosaren. Sakte gjekk han mot høyberget med adle budeiane. «Våkna opp, dokk e frie» ropte han forsiktigt. Någen fåe vakna fysste og gnidde seg i augane, så fekk dei sjå n’Tor. «Tor Storkosar!» ropte dei og med eit va adle våkne og ropte i moen på kvarandre mens dei smila.

Eitpar dagar seinare landar ein ravn hos kongen – bankar på og gjer knekten så åpnar ein liten pergamentrull. «Frå Tor Storkosar te Kongen: «Adle budeiane er frigidde. Trodle drukna, Halgeir e på veg bunden te deg, kjørd av ein bonde. Eg og budeiane kjem når dei e ferige å kosa meg. Helsing Tor Storkosar og 1491 budeiar.»

.
(forkorta og komprimera)

2 kommentar to “Frå Sagaen Om Tor Storkosar: Dei forsvunne budeiane.”

  1. Xantippe Says:

    Fornøyelig lesing…;)) Fornøyelig lesing…;))

  2. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Jøss xantippe, egentlig Jøss xantippe, egentlig regnet jeg med at ingen gadd lese den lange, men dog forkortete sak her. Det er vel blitt en del av turbotiden, «formuler deg kort, har dårlig tid», noe slikt. Men hvordan man klarer å lese bøker enda undrer meg?

    Men takk skal du ha..

    Tor


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: