Tankanes eiga liv..

Flammane strekk seg levande utøve tjødn og markar med viarkratt. Greinar og småbølgar lagar liv i flammane. Liv berre tankane klarar å omgjera te levande. Fullmånå stripar vassflatå – det e natt. Seinsumarnatt ved eit tjødn udan nabn.

Eg legg varleg på ein torrgrein te, forsiktig slik ikkje livet varte støra, øydelagt. Ein aure vakar roleg i månestripå, snart e han på ferde opp bekkå for å gyta. Det haustas – umerkleg snuast fargjesirkelen, litt kvar dag. Før ein veit ord av det kjem isskorpå øve tjødne, og eventyrlege isrosar dekkar småpyttar.

Ei natt i tankar. Eg e vane med dei, vane med å ha dei aleina. Eg trur me e månge så he dei aleina. Dei indre tankane me ikkje strør omkring oss te kem så helst. Någe ska me gjedna ha aleina og, men eg he for månge følar eg mange gongar. Følar eg he for månge te å klara i einsemdå. Men kan henda e det mi lagnad, stogga dei kan eg ikkje.

Torrgreinå sprakar og gjer meg ei strålande forestilling. Hu bråkar og knitrar og dreg tankane ner på jordå atte. På to råkvistar heng eg to aurar, saltar og gjer ein smørklatt i bukane. Nattmat. Eg undrar på koss eg sko klard meg udan alt naturen he gjeve meg i livet. Kan henda e hu mi redningsplank.

Bålstrålane varmar sjelå, og gjer meg mat. Eg et med andakt. Tankane kjem tebars ner eg ventar på kaffikokå. Tankane er uendelege, dei kjem med nye heile tiå. Hjernå våras levar sitt eige liv, på same tid e hu oss, meg og deg. Men eg savnar å dela dei, dei indre.

Ei kattugla tutar svakt djupt inni skogen og får tankane te å flyga longt avgårde. Fresing i frå bålet lokkar dei tebars, kaffilars svulmar øve med edle dråpar. Tiå går framøve på ei annan måte ner ein sitt slik. Tiå varte båe ein venn og ein fiende. På same tid kan ein ikkje gjera anna enn akseptera at ein ikkje styre den.

Livet handlar mykje om handlingar, men meir tilfeldighetar enn me ofte tenkar øve. Me styrar någen retningar, men veit aldrig ka me møtar på stiane. Men livet handlar og om tankar, uendelege mengdar – og dei styrar me ikkje. Tankane fortell oss om mulighetar, men og om feilå me gjere, dei varte me aldri frie. Me prøvar å lera, men ingen situasjon e lig ein annan.

Eg sitt og låt tankane leva medan bålet brenn ner. Det varte rått og klenå fuktige. Tiå e inne for å gjøyma seg frå verden dypt neri den kjærlege og trygge soveposen.
.
2573.jpg

2 kommentar to “Tankanes eiga liv..”

  1. xantippe Says:

    Noen ganger er det godt å Noen ganger er det godt å sitte slik å bare ha tanekene sine med seg, ha fred rundt seg og nok av tid å ta av til å tenke både gode og vonde tanker. Takk for fine ord…..;))

  2. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Vi behøver vel kanskje Vi behøver vel kanskje slike stunder av og til alle xantippe. Og naturen gir den rette roen, ihvertfall for meg.

    Tor


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: