Nattå i Trodlalandet..

Det blås ein kalde vind gjønå Viardalen, eg vandrar med lange steg heimøve. Trodlalandet ligg øve neste åskam. Gufsen kjem frå det haldet. Stegå held meg varme på baksiå, framsiå hufsar seg – og eg dreg ein ekstra gong i glidelåsen.

Yr og småregn kjølar sakte ned ein vandrar. Men eg skyndar på, kan henda kjem tåkå og skjular verden. Bak, langt bak i Kvednaliå drog eg frå varmå – varme pust i nakkå hviska og håpa eg kunne stoppa og bli. Berre stoppa – og bli verande for all tid.

Mens eg skrittar heimøve flyg tankane, gjer meg ikkje fredå eg sårt treng. Ryggsekksreimar gnagar lik tankane i sjelå. Det gjere vondt båe stadar – gnagande smerta. Hadde eg brukt sjelå te kompass vart rutå snudd 180 gradar. Tunge tankar øve myrane gjer meg aktlaus – og eg bommar tuane og varte blaude liga opp te belte. Slid meg opp hålet og går trassig vidare.

På toppen øve Trodlalandet ser eg tåkå kjeme gliande og viskar ud båe skogar og myrar. Nerøve Riarliå fer eg som reien sjølve, nå er det kapp om tiå, eg kappar med tåkå. Nere på fladå i skogkanten tapar eg. Då veit eg at eg berre kan gje meg, finna ein plass åt telt og fyra bål. Eg må ligga i Trodlaskogen te tåke lar meg vandra heim.

Bag eit rotvelt te ei urfåra i vasskanten på Trodlatjørn, sett eg opp telt. Når eg stoppar kjem kjølen, eg e blaude frå tå te skolten. Av med klenå og tørkar meg før eg spring naken i ring med berre skonå frå sekken. Armane veivar, lik ein så he mista vede fer eg, eg må få varmå tebage – men den forlot eg i Kvednaliå.

Seinare med tørre kler frå sekken – sitt med bål og kokar kaffe for andre gong, fyste ladningå kveltra. Flammane lagar synlege skyggar frå nøkken og dei andre så bur her. Bak meg knekk greinar, trodlå kjem vel tenkar eg og sukkar. Dei gjer meg ikkje redd, eg e aldri redd og kjennar adle så bur i den rette verden. Dei så bur i byane kjenn eg meste ikkje følar eg mange gonger, ikkje på same måten så dei her.

Beboarne i Trodlalandet kjem ein etter ein for å se på meg – det e så lenge sian siste gangen. Dei levar i skyggane, kikkar på meg, undrar koss eg har det, men dei seie ikkje någe – nei dei veit. Dei les tankane mine. Eg smilar mot dei, venane mine..

Kryp nærare flammane, småfrys. Rotar i sekken om den skjular någe meir sukker. Opp frå botn kjem ei heimestrikka lua med duskar på. Ikkje min, men din. Du må ha gløymt den då me var på tur. Hu kjennast varm endå. Luktar villblomst ner eg tar na opp te nasen. Luktar så du gjere. I den bretta kanten dreg eg ut 3 lange lyse hårstrå.. Trodlå kikkar bedøva på meg, dei forstår koffer augo varte fuktige..

Pakkar meg inn i sovepose, på brystet ligg luå og varmar. Eg sloknar brått likt et trøtt barn. Heila nattå følar eg at du e heran, ligg med godluktå di og varmar meg. Någen kjælar med håret mitt, stryk meg lik ei mor ømt øve kinne, pustar varmt. Någen. Eg vaknar tidlig te rypesteggen i liå, han e vekkarklokkå. Og sjå! Øve Trodlalandet stig solå og jagar tåkå.

Trodlå sov nå, dei e helst vakne om nattå. Når eg ser meg rundt følar eg deiras avtrykk, dei he vokta meg i natt, og – någen. Någen som tok vare på meg lik du gjorde, men kem? Kem strauk meg øve kinnå, vart og kjærlig. Kem varma meg? Tankar rotar rundt mens eg rullar saman soveposen – når eg kjem te siste biten, der hodet ligg, lange lyse hårstrå ligg der, og ein øyredobb som liknar eit tyttebær – din øyredobb..

Solå varmar meg då eg he pakka og gjer meg klar te å gå viare heimøve. Rett før skogen slukar meg kjem eit høyt rop! Eg frys te i ryggskinnet og snur meg. Svarar høgt. Går raskt ut av skogen, ropar igjen – høgt. Men nei, ikkje ein lyd, berre vindsus i trekroner. Så rop det igjen – og eg ser, det e berre lommen i Trodlatjørn så lurar meg. Eg burde visst det..

Eg går med raske skritt gjønå Trollskogen. Hopp øve stammar og landar på mjuk mose. Heile tiå held eg någe i høgrehåndå – ein rød øyredobb..

.
6173b_0.jpg

6 kommentar to “Nattå i Trodlalandet..”

  1. mirapisani Says:

    Vakkert.😉 Nydelig stemning og ro.

  2. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Takk mirapisani..
    Tor Takk mirapisani..

    Tor

  3. Litt om alt Says:

    Synes nesten det ble litt sårt? Lengselen og sorgen(?) etter ett annet menneske ble sterk i mitt hode..

  4. Trym Says:

    Likte dette også! Kjende att både kjensler og plassar –
    sjølv om eg aldri har vore der fysisk sikkert –
    Men du malar så bra!
    Takk!

  5. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Takk igjen Trym,
    det finnes Takk igjen Trym,
    det finnes mange slike plasser og følelser, forstår at du har dine og..

    Tor

  6. Jærskalden Tor Vidle Says:

    Ja Litt om alt, bak der – Ja Litt om alt, bak der – innvendig. Du fant rette følelsen ser jeg..

    Tor


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: