May – då Gud feila..

«Sjå!Derkjemsannelegn’Torpåvitjingåtusse!» Eg helsa på den smilande gamla damå så kom hinkande mot meg. Hu hette någe så vanleg heran så Signy, elle Signy Bandlaus. Bandlaus he hu fingje så tilleggsnabn for hu snakkar udan å pusta eller stogga i ein grevlige fart.

Dei seie hu blei slek då hu meste fraus ihjel ner hu gjekk gjønå isen på Blesetjødn ner hu va 5. Ner dei endeleg fekk hu opp hadde hu hakka tennar så lenge atte tungebandå vart lause. Seie dei då, skjønt eg tvilar någe på den forklaringå då.

E du aleina Signy? spurde eg den livlege litla damå med den skrøplege skrotten. «NeihuMayeihaijenogvatnarblomane! BerregårondtduTorskaegfinnakaffiogkagar!» May e hennar dotter, hu e så modsatt av morå så muleg, rolege, men ei vakker dama. Så hu vart au kalla «May du Skjøna» lik månaden mai. Mor og dotter levde i hopa i kårhuset, garden hadde dei forpakta bort te grannen, n’Vidar i Loftå.

Hu Signy e øve åtti, skrøplege itte ei ulykka og hardt arbeid øve månge år. May fekk hu då hu va eit kvart hundre år. Maen te Signy døyde tidleg i sjukdom, og ittepå he mor og dotter bodd saman oppi liå på garden morå arva, maen va einaste badne te svigerforeldrå. Men itte svigerforeldra og maen døyde så vart det før møje før dei å driva garden, så dei leigdn bort.

Hu May driv å småsyng ner eg rundar hjørne, kan høyra den vene trallen før eg ser na. Hu smilar og ropar straks hu ser meg, ein kan ikkje verta anners enn glae ner ein ser hu May. Hu e liga vakker i dag så då hu va ei ung frøken, berre litt meir modna. Månge fattar ikkje atte hu enn bur heima sjå morå, hu e jo ei nydlege dama? Men dei veit ikkje alt. Kjennar ikkje heile lagnaden te hu May.

Morå seie det va n’Gud så feila då han konstruera na May. Så ein får berre finna seg i ka Gud skapar, det e vel ei meining i alt seie morå. Hu May sjølve nikkar, hu e ein flittige kirketravar. Men det va ikkje lett for na May i badneårå, friteken for bading vart det au i sluten, men ongane trudde berre hu va sjuge – dei vaksne e ikkje alltid flinke nok te å forklara ner ongane he goe grunnar te å få prøva å forstå sanningå te deira spørsmål.

Ein sumardag dag då hu va 19 traff hu ein gut i frå byen så va på hyttå te foreldrane. Hu vart kjær og blomstra. Men, i kjærleksrusen gløymde hu å beretta kos det va med na.

Ein kveld vel 2 veker udi romanså fann dei henne livlaus i ein blodpøl udanføre hyttå og guten va forsvunne. Dei fekk na på sjugehuset og livet vart berga. Men May vart aldreg heilt seg sjølve ittepå, og ein hjerneskade gjer at hu ikkje kan klara seg heilt aleina lengre og difor bur hu enn saman med morå. Hu fantaserar framleis om atte den store kjærleiken hennar ska koma tilbake. Hu ventar ennå på guten..

Guten vart mildt straffa meinar de fleste. Han forklarde at han mista besinnigå då han fann ud om Mays hemmelegheit, og då han slo na fall hu me baghove i trappå. Guds konstruksjonsfeil hadde blitt skjebnå i dobbel forstand for na May.

For hu May e ein vakker kvinne, men skaparen lot hu fødas som gut på den staden på kroppen kor dei bestem kjønnet på nyfødde. Dei 9 fysste årene hette hu difor Martin, men morå ana uråd då May starta å utvikla puppar og tedde seg meir som ei jenta. Då resultata frå undersøkingar bekrefta delvis mistankå va morå framsynte nok te å få omgjord namnet te May, den månaden hu vart fødde i.

Det finnast mange her i verå så e som May – naturen e ikkje heilt feilfrie den heller, og nok heller ikkje den Guden någen litar på kan gjera om lagnaden deira – men kan henda treng nogen någe å håpa på. Og sjølv om eg e hedning så he eg ikkje hjarta te å ta frå folk som kan henda behøvar ei slik tro på framtiå for å klara å overleva kvardagane..

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: